| Seljord nominert til pris for beste attraktive stad | Fleire hundre stader er foreslått. Dei som er med i finalerunden er Ulsteinvik, Levanger, Bleik, Asker, Seljord, Namsos og Nordfjordeid. Desse sju stadene er plukka ut av 238.
Dei utvalde stadene i Noreg skal få besøk av ein jury før kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete offentleggjer vinnaren 21. mai. Dei sju finalistane er plukka ut frå ei liste med heile 238 stader.
Den nye og årlege kåringa skal heidre kommunar og andre som har vist vilje og evne til å skape ein levande og attraktivt stad å bu. Kåringa skal inspirere andre til innsats. Sjå link: http://www.regjeringen.no/nn/dep/krd/pressesenter/pressemeldinger/2012/finalerunde-i-statens-pris-for-attraktiv.html?id=678401
Sjå også desse linkane: http://www.varden.no/nyheter/er-dette-noregs-beste-stad-1.7180131 http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_trondelag/1.8073052
|
|
| 
|
|
| Sjøormtårnet i Seljord er nominert til Statens Byggeskikkspris 2012. | www.seljordogsogene.no? http://www.varden.no/nyheter/var-dette-det-fineste-som-ble-bygget-i-ar-1.6838966
|
|
Velkomen til Sjøormtårnet på Bjørgeøyan - Telemarks nye landemerke | Me opnar Sjøormtårnet til påske.

|
|
| Sjøormtårnet opna den 18. oktober 2011 |  Statsråd Liv Signe Navarsete, Fylkesordførar, Telemark utviklingsfond, Ordføraren i Seljord, Lugar-Olav, Telemark Messingkvintett og NiLiv var der.
Om Utkikkstårnet i pressa: NRK Østafjels - Kommunen bygger tremillioners-tårn http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/ostafjells/telemark/1.7797924
VTB - Spydspissen i spleiselaget http://www.vtb.no/artikkel/5336/Spydspissen%20i%20spleiselaget/
(Klikk på "meir-knappen" for å sjå bilde under opninga)
 |
|
| Ta ei kunstpause i Seljord – besøk dei skulpturelle kikkeskåpa i Sogelandskapet | Foto: Audni Barstad
Åtte skulpturelle ”kikkeskåp” i stein er no plassert ute i landskapet på stader som er knytt til utvalde soger om lokale kvinneskikkelsar. Felles for dei alle er at feleslåttar er knytt til sogene. Åtte biletkunstnarar har gjeve sine tolkingar av desse sogene: Gonil Dale, Guro Lomodden, Kivlemøyane, Guro Heddeli, Tårån i tròppin, Glima i Rupedalar, Ljose-Signe i Bindingsnuten og Skuldalsbruri. Du finn 1 kikkeskåp i Åmotsdal, 3 i Flatdal og 4 i Seljord.
Sogemobilen På kvart av kikkeskåpa er det festa ein plakett som fortel namnet på soga og kunstnaren. Her står det også oppført eit mobilnummer. Ringer du dette nummeret får du høyre ein forenkla versjon av soga og slåtten som er knytt til denne. Gjennom kikkeskåpa får du på den måten ei reise inn i landskapet og soga.
Last ned: Visit Norway sin app
 |
|
| Opplev Seljord sine kvalitetar og særdrag ved å kome deg ut på tur! | Langs delar av turvegen og på utvalde stader rundt vatnet kan du nå oppleve Seljord sine kvalitetar og særdrag på nye og spennande måtar.
Kva med å starte på Dyrskuplassen og lese om plassens historie, gå vidare om Shell/Sjøormkroa der ringer du Sogemobilen og høyrer Ingunn Flatland synge så vakkert ”Ingrid Sletten av Sillejord”.
Når du då fyrst er i nærleiken av Seljordsvatnet, anbefalar me deg å gå turvegen ned mot vatnet (turvegen går mellom Gjest`n kro og pub og campingplassen Seljord ferieland) Der er det bare så nydeleg! Eller kva med å gå til Lomodden i Seljord sentrum og sjå på historiske bilete, beundre kikkeskåpet som Trygve Barstad har utsmykka, eller rett og slett; bare sitte å slappe av på Seljordsbenken å nyte livet! Rundt Seljordsvatnet kan du oppleve flotte kunst- og landskapsopplevingar blant anna ved Telnessanden Camping, Vebekkdalen og Sanden Camping. Ynskjer du meir informasjon: Besøk Møtestad Seljord AS;
Last ned: Turveghefte i PDF
|
|
|
Nytt:
|
| Soger: |
Kivlemøyane Segna om Kivlemøyane har blitt knytt til Nystaulsteinen der Kivlekyrkja skal ha stått, til mose og fargar i bratte fjellveggen ovanom grenda og til to store og ein mindre stein som har vore synlege i Kalvejuvet rett nedom Såvestaul. Desse steinane er skipla av ras i dei seinare år.
  | |
Guro Heddelid Namnet Guro Heddelid er knytt til Grunningsdalen. Meir enn noko anna har soga om henne gjort dalen kjend. Denne kvinna til hest som framleis rir gjennom dalen i dikt og dram-.
Soga om Guro Heddelid ber i seg romantikk og tonar frå ei svunnen tid med blod og salte tårer, Gudstru og trøyst i vigslevatn og klokkeklang. Det ligg eit mystisk kingelvevslør over dei gamle henda der ulike utsagn gjev stoff til ettertanke.
  | |
Sterke-Nils (f. 1722- d. 1800) Forteljingane om Sterke-Nils knyter seg til at dette var ein kar som var ualminneleg sterk. Det gjekk gjetord om alle hans kartak og prestasjonar. Men soga teiknar også biletet av ein hjartevarm, snill og handing kar. Sterke-Nils stoga står idag på Dyrskuplassen. Her vert det kvart år framført spelstykke og små dramatiseringar som teiknar tidsbilete og hendingar frå livet til sterke-Nils.
  | |
Gygrene og Sybylla Flatdal er vakta av segnfigurar kring det heile, og me finn påfallande mange kvinner og gygrer mellom dei. Tårån i Trøppin er namnet på ei gyger som held til i Skorvefjellet. Ho har to systrer; Glima i Rupedalar på Mælefjell og Ljose-Signe i Bindingsnuten. Om desse gygrene har Sigurd Nes skrive eit dikt der trollkvinnene blæs i lur til kvarandre frå fjell til fjell over Flatdalsdalen. Svigersonen, Torkjel Haugerud, har laga tri komposisjonar for hardingfele med same namn som gygrene. Frå Flatdalsdalen kan ein sjå 7-8 trappetrin høgt oppe i Skorvefjellet som Tårån har grave ut med bare neglene. Det fortel litt om storleiken på trolla og folkefantasien. Trappetrinna har ei høgd på 15-20 meter.
Så har me Sybylla, den tidlause spådomskvinna. Litt sør for Gyvretrappin i Skorve heng Spådomsnuten som eit trugsmål. Sybylla skal ha sagt at når Spådomsnuten dett, skal flodbølgja bli så høg at pråmane kan bindast i dørklinkene på Åse-gardane. Dette skal hende mot slutten av tida og når det har blitt by mellom Vallaråi og Sjerveåi. Sikkert er det at Spådomskløvet har blitt ein god del større dei siste åra.
- Kjelde: Sigurd Telnes
  | |
|
| Sjøormhistoriar: |
Lydopptak ved Svarvaren I 1979 kom Arne Thomassen attende til Seljord med telt og gummiflåte og slo seg ned på Svarvaren.Teltet sette han opp like ved vatnet og så sette han ein hydrofon på 10 meters djup og 40 meter frå land. Ein ledning førte inn på
ein finstemt lydbandopptakar. Ved midnatt, då trafikken på fylkesvegen stilna av vart opptakaren sett på, og merkeleg nok var det mange og ymse
lydar å høyre. Det kunne vera små knepp og pipelydar. Kneppa og ei djup brumming kom når auren vibrerte med gjellene og pipa kom når symjeblære vart justert. Dette hong saman med at fiskane hoppa og var aktive. Det vart ein heil liten konsert med solistar i nærleiken og bakgrunnskor i det fjerne. Dessverre var det ein del forsterkarsus på opptaket fordi maksimal følsomhet var vald. Men ved tretida om natta vart det plutseleg ein kraftigare lyd. Det høyrdest ut som om eit stort objekt feia steinar tilsides medan det kom stadig
nærare mikrofonen, passerte og bråka kraftig, og blei gradvis svakare ettersom det fór vidare. Opptaket var så spennande at eit redigert opptak vart sendt i
NRK-Telemark.
- Kjelde: HJS si bok. Teksten er korrigert etter Arne Thomassen sine eigne kommentarar.
  | |
Ofte avklipte fisk i garna, i bukti utanfor huset på Storøy Forteljing frå ca. 1914:
-Gunnar Gullbekk som bur på Strandøyane, like ved Seljordsvatnet, fortel at når han set ut fiskegarn i Stogobukti, ved heimen sin, så hender det stadig at fisk som kjem i garnet vert avklypt som om det skulle vore gjort med ei saks, så bare hovudi stend att.
  | |
Ein mann vassa over elvi ved Lakshøl I boka Sillejords Prstegield av Hans Hans Jacob Wille 1786, s.84 står denne forteljinga:
Under beskrivelsen av stadens krypdyr står det: -Den anden kaldes Vas-Ormen, skal være meget rar, men derhos den forgiftigste av alle. Den gaaer under Vandet, som en Aal, og for endeel Aar siden hug den en Mand i sin store Taae, medens han barbenet vadede over Laxhøl Elven. Da Manden kom til Lands, var han vittig nok til at afhugge Taaen med sin Øxe, hvilken efter et Qvarteers Forløb blev saa stor, som en fuldkommen Agurke, og Manden begik sig. Hvad Slags de ere, kan jeg ikke bestemme, da jeg ikke har været saa lykkelig, at komme over dem.
  | |
Et stort dyr At vi så noe i vannet den 15. august 2008 er det ingen tvil om, fortel Solveig Helene Almelid.
  | |
|
|
 |

|
|